Med bakgrunn i innspel frå infomøte og synfaring, samt kartlegging av grunnforholda i området arbeider Ofta Kraft no med ein optimalisering av detaljplanen.
Straks denne er ferdig har NVE signalisert at dei vil sende planen på ei ny høyring, som også inkl. dykk i bustadfeltet.
Detaljplanen vil innehalde mellom anna ei utgreiing av alternativ plassering av kraftstasjon på kote 70, justert riggområde og konkretisering av andre forhold som er fastsett i konsesjon for utbygginga.
Vi kjem tilbake med meir informasjon så snart den optimaliserte detaljplanen er ferdig. Det er viktig for oss å gjere ei grundig vurdering av desse forholda og dette vil ta litt meir tid å få på plass.