Tiltaket er lokalisert i Lærdal kommune i Vestland fylke. Anlegget er lokalisert i Ofta, som tilhøyrer Lærdalsvassdraget, som har utløp til Lærdalsfjorden. Tiltaket er lokalisert ca. 3 km aust for kommunesenteret Lærdal. Tiltaksområdet ligg mellom 1,5 og 4 km aust for Lærdalsøyri.
Kraftverket vil nytte eit fall på 593 m i Ofta med dam plassert på kote 650, og HRV på kote
652,2 moh og OK golv stasjon på kote 56,7.
Installert effekt er på 9,6 MW med estimert årsproduksjon på ca. 16,8 GWh. Slukeevna til kraftverket er sett til 1,6 m3/s.
Anlegget består av dam og inntak, borhol, fora og ufora strekkje og kraftstasjon inkludert utløpskanal, massedeponi, ny veg og bru til stasjonsområdet. Vassvegen vert ca. 1920 m lang. Frå kraftstasjon består den av: 743 m fora borhol med DN 900 stålrøyr og 1174 m ufora borhol Ø1200 mm opp til inntaket.
Ved stasjonen vil det bli ein lukka utløpskanal i betong med breidd 2,5 m og lengde ca. 17 m. Det blir lagt opp til deponering av overskotsmassar frå prosjektet på ca. 2700 m3 i nærliggande massedeponi. Frå eksisterande veg vert det bygt veg og ny bru fram til kraftstasjon. Vegen vert ca. 75 m lang og 5 m brei, derav brua 14 m lang. Stasjonen har ei grunnflate på 150 m2.